tirsdag 8. desember 2009

Hypnagog 2

Inspirert av David Tibet. Mine eigne to hypnagoge opplevingar fanga i eit dikt. Den eine fann spontant stad natt til julafta, medan den andre vart framkalla av feber og DXM-haldig hostesaft ei mørk og stormfull natt i Northfield, Minnesota.


Hypnagog


Natt til julafta:
Eg ligg paralysert
i ein svevnindusert
placeborus.

Eit marsjband spelar
høgare og høgare
medan eg fell
høgare og høgare
og Guddommen viser seg

A-hol, B-hol, C-hol, D-hol
E-hol, F-hol, G-hol, I-hol
J-hol, K-hol

Eg forsvinn

Northfield, Minnesota
openberrer seg
framføre meg
ligg ein vampyr.

Hell, Yeah!

Jesse James rid forbi.

Stille, I marsjtunge rytmer!
Stille, for fan, musikanter!

Jesse James er nøgd
i stilla og
snik seg mot
banken
s t i l l e

Vi veit alle
korleis det
gjekk, eller?

EIN VAMPYR
seier du.

JA
seier eg.

Men bør du ikkje vakne?
Vakne?
Eg søv jo ikkje...

1 kommentar:

Steinar Sneås Skauge sa...

Eg hatar når marsjerande musikantar skal musisere og marsjere medan eg søv.