mandag 30. november 2009

David Tibet i omsetjing

Ikkje slik det var i hovudet mitt, men det får halde for no...
'
5 Hypnagog 5

Eg fekk eit glimt av augo dine
i går natt i ein rastlaus draum
Eg vakna opp frå grøne sletter,
blå stjernesjøar.
Augo dine opna seg
som kronblada på ein blom.

Eg skrudde av lyset
og bolta att døra.

Boka fell.

Eg hadde så mange tankar, så mange tegn
og eg forstod ingen av dei.

Denne grønne draumen var uverkeleg.
Grashoppene song over ørken og vidder.
Dei fortapte fester
med kvite tenner som merker tida som går.

Ei sky synk saman. Ein fugl skjelv og syng
Nebbet er prikkut av natt.

Gylle gull: mørkret ventar.
Mørkret er svolte.
Djupnet er rasande,
og ein telefon ringer
og ringer
og ringer
og ringer

Eit lerret vert senka
og stumfilmar speler.
Buster Keaton fell og rotnar
medan Big Ben syng og kokar.

I ei uendeleg myr: Stilla er tjukk
og kallar oss til bøn.
Mal Gud med blodet ditt
og fyll heimsøkte kvinner
med knivar og draker,
måleinstrument og stål
og lat dei gråte utrøystelege tårer
til ei guffen og klumsete
dødelegheit.

Hugs, hugs
den brennande steinen i hugen!
Sjela ser TV
og fyller seg med blod og popcorn.

Det er det eg kallar forfall
fallit og harde tider.
Harde tider, veldig harde tider, Mr. Lindsay
Harde tider, og ein vinter så streng
at klokka mi stoppa
på slaget tre.
Eg kalla på politiet.

Men det er ei tid for te,
og ei tid for å døy,
men like fullt
oppsigelsesbrevet er i posten
og du bør vite
den vesle kalven og kua di
vil døy.

Gud gav Noa regnbogen som tegn
og sa: neste gong vil eg la eld falle som regn
eld falle som regn
eld falle som regn
eld falle som regn

Ingen kommentarer: