mandag 2. februar 2009

Vladimir Solovjev - En kort beretning om antikrist

Helga nytta eg til å lese ein liten pamflett eg ikkje heilt veit korleis har kome meg i hende. Pamfletten inneheld eit utdrag frå War, Progress, and the End of History: Three Conversations, Including a Short Story of the Anti-Christ av Vladimir Solovjev, samt nokre mindre tekststykke som skal vise kvifor apokalypsen snart kjem. Noko av det mest interessante med denne utgjevinga, er trykketidspunktet. Sjølv om Solovjev skreiv stykket i 1900, vert det trykt i Noreg i 1938. Med andre ord får vi her innblikk i apokalyptiske trekk ved kristen-Noreg rett før andre verdskrigen.

Solovjev vart i si samtid (av enkelte) hylla som profet, (Eg likar for øvrig reklamen på baksida av boka "Profetisk litteratur fåes hos Alb. Hiorth, Asker." Vi har for få bokhandlarar som reklamerer med profetisk litteratur i dag!) men for den moderne lesaren, vil det vere slåande kor feil han tar i sine visjonar. Rett nok ser Solovjev korleis EU skal vekse fram, men forutan denne treffen, er det ikkje mykje som stemmer med den verkelege historia. Og her ligg kan hende den verkelege styrken til boka. Sjølv om boka er meint som som eit profetisk skrift, fungerer ho i staden som parallellhistorie, og skriv seg dermed inn i science-fiction sjangeren. Solovjev skriv svært godt, og han klarar å mane fram ei dunkel framtid der ein kraftsympatisk antikrist etterkvart står fram. Spaningstoppen kjem under eit globalt økumenisk kyrkjemøte, der antikrist freistar å få heile kyrkja til å vende seg til han som leiar. (Odd Sverre Hove (av alle personar) peikar òg på denne delen som mest interessant.)Diverre er ikkje andre delen av boka, "Aktuelle paraleller fra verdenspolitikken idag," like underhaldande. Her finn ein i all hovudsak argument for kvifor Italia og Japan, i 1938, var dei første teikna på at apokalypsen var nær. Vel, vi ventar framleis på klynket, så akkurat der tok dei ukjende forfattarane feil...

(Visste du forresten at den første boka gjeven ut på Ex Libris, var nettopp "En kort beretning om antikrist?")

1 kommentar:

Kristoffer sa...

The Office skuffer aldri! :)