mandag 17. november 2008

Nok eit dikt

Farlege tankar

På kjøkenet sit
Julius Johansen
og høyrer på
jazz
og les
Harry Potter

Han trekk inn
den friske
dampen
frå tepotta
og tenker
at no er
livet fint.

I denne røyndomsflukta
gløymer han
Tankepolitiet
som klart seier
at jazz, Harry
Potter og
te
ikkje sømer seg
for ein god
kristen.

Julius Johansen
er ein
rebel.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ha ha!

knallbra.

Faktisk superbra. (ikke bhen) haha!

Jan Eirik

hlewagastiR sa...

Kva kyrkjelyd var denne Julius medlem av?

Hilde Marie sa...

:)